Frøkedal & Familien sitt tredjealbum, Flora, er spelt inn låt for låt i løpet av ei ti dagar lang studioøkt: «Me lærte oss songane ved å spele dei live for publikum. Det kunne til tider vere halsbrekkande, men det var veldig ærleg. I studio spelte me inn live og hadde blikkontakt heile vegen.», seier Frøkedal.

 

Frøkedal & Familien har gjort seg bemerka med sin milde, tidvis eksentriske, folkpop. Dei har skapt eit særeige lydbilete av vokal, elgitar, feler, orgel og trommer, samt klimpreinstrument som mandola og baglamas. Nå kjem bandet til Rockers i Langesund for å presentere musikken der han høyrer heime: i eit rom med levande menneske til stades.

 

Låtane på Flora strekk seg frå gyngade hippie-folk til indiepop og felerock. Musikken skildrar spennet mellom einsemd og framandgjering i ein kald verd – og draumen om tilknyting som alle har i seg.

 

Frøkedal & Familien har gjort ei rekkje turnéar og festivalkonsertar i inn- og utland. Prosjektet har fått varm omtale i The New Yorker og The Sunday Times, Spellemann-nominasjon og har spelt live på BBC Radio6. Frøkedal & Familien har også fått snuse på arenaformatet, som oppvarming for A-ha og Madrugada i Oslo Spektrum. Dei trivst likevel aller best på mindre scener, der dei kan stå tett og sjå publikum i kvitauget.

 

Frontdama Frøkedal er også kjent fra Harrys Gym og I Was A King som var nominert til Spellemannspris i både 2010 og i 2012.

 

Anne Lise Frøkedal: vokal, gitar

Olav Christer Rossebø: fele, oktavfele, mandola, vokal

Selma French Bolstad: fele, oktavfele, baglamas, perkusjon, vokal

Linn Frøkedal: keys, bass, vokal

Olaf Olsen: trommer, vokal

 

Anmeldelser:

 

Dagbladet - 5/6 - "Anne Lise Frøkedal er ei ledestjerne innen norsk indiepop, her med bestenotering solo."

 

Stavanger Aftenblad - 5/6 - "Folk, indiepop og felerock smelter sammen til en nydelig enhet."

 

iTromsø - 5/6 - "Flora er et lekkert album som nytes best i total frihet."

 

Dagsavisen - 5/6- "Anne Lise Frøkedal fortsetter å utmerke seg som en av de mest særpregede artistene i norsk poprock."

 

Dagens Næringsliv - "Frøkedal gikk solo i 2015 og blir bare bedre og bedre, både som sanger, musiker og låtskriver."

 

Morgenbladet - "Med Flora føyer Frøkedal & Familien seg lett opp på listen over konsertopplevelser man ønsker seg der fremme i fremtiden, men enn så lenge fungerer den også ypperlig som et lite stykke frihet på boks."

 

Stemmegaffel - 7/10 - "På det beste er dette noe av det fineste jeg har hørt i år."

 

Tysvær Bygdeblad - 5/6 - "Frøkedal & Familien har på nytt levert helt der oppe!"

Puls - "Frøkedal briljerer i Fleetwood Mac-tradisjonen!"